Dikt - Ordsølv
Ho vil vere som bølgjene
ho vil vere som bølgjene
lage sin eigen symfoni
ein konsert av brusande, boblande, drypande tonar
danse fritt mellom steinar og berg, roe ned og stilne
før ho let seg føre med i neste sats
ikkje gi opp om ho hamnar i bakevja
og om malstraumen pressar ho ned
vil ho trekkje seg roleg tilbake
samle krefter
før ho fossar fram i crescendo
Ord
Eg drøymer om å få velgje orda sjølv
Eg vil ikkje ha dei som
Fortel om vondskap, naud og feil bruk av makt
Eg vil ikkje ha orda som skildrar urettferd, svik,
svolt og misbruk
Dei som brutalt fortel deg om det som skjer
Der ute
Eg vil ha orda som
Løyser opp knutar i brystet, varmar hjartet og
Let lungene fylle seg med rein, frisk luft
Eg vil ha orda som elskar, er glad i, held av
Som forstår , støttar og er til stades
Det er desse eg treng
For å tole
at dei andre orda stadig vert fleire, skarpare,
mørkare og blodigare
Eg treng fleire
ord som gir håp
Dikt
Her kjem Ordsølv på rad og rekke etter kvart.
Heading 2
Embark on extraordinary adventures with our tailored travel experiences, designed for your enjoyment.