Om Sølvi
Kven er eg?
Det er vanskelig å skulle presentere seg sjølv. Kva er eigentleg det viktige å få fram?
Då eg blei sjuk og ufør var eg ikkje lenger den eg ville vere. Eg sleit når eg skulle forklare for andre kven eg var, kva eg gjorde, kva eg hadde fått til og kvar eg var på veg. Og var eg på veg ein stad eller hadde eg kanskje stoppa opp då arbeidsevna mi forsvann?
Lenge tenkte eg at eg var ikkje hadde lukkast, fordi eg ikkje lenger klarte å stå i jobb. For det er dessverre slik at det svært ofte er yrket ditt som let menneska du møter definere kven du er. Men kva er identitet? Er det yrkestittelen din, eller er det det vesle mennesket som kom til verda heilt uvitande og åpen for korleis livet skulle bli?
Eg er mor til tre voksne døtre.
Eg har flytta mykje rundt i Noreg, budd i Singapore og Perth WA i rolla som den heimeverande.
Eg er utdanna bioingeniør, hadde ein jobb eg elska men som eg ikkje hadde helse til å stå i.
No arbeider eg som frivillig.
Til hausten tek eg til på ein master i folkehelse.
Eg skriv. Eg skriv poesi, korte og lange tekstar som noveller og romanar, med tida ønsker eg å prøve meg på fagtekstar og kronikkar, eg bloggar her inne og postar litt på sosiale media.
Eg les. Den første lidenskapen min var lesing. Då eg knakk lesekoda fann eg ein ny verd.
Eg les poesi. Skjønnlitteratur. Sjølvutvikling. Faglitteratur. Eg søker over alt etter kunnskap for å skjøne meir om kva som formar oss.
Eg prøver så godt eg kan å vere eit godt medmenneske for dei ikring meg. Og eg jobbar stadig med å vere tru mot det mennesket som eg var før eg fekk alle desse rollene, og før eg blei forma av små og store hendingar i livet.
Eg øver meg på balansegangen det er å vere der for andre utan å samstundes miste meg sjølv. For ein som har brent seg ut, er det livsviktig og svært vanskeleg. Balansen mellom å seie ja til andre og samstundes ikkje seie nei til seg sjølv er hårfin.
Eg er Sølvi.