top of page

Historia bak Ordsølv

Vinteren 2025  laga eg ein instagram-konto som eg kalla Ordsølv.

 

Eg trengte ein stad der eg kunne legge att tekstene mine. I tillegg visste eg at i prosessen mot romanutgivelse måtte eg øve meg på å bli lesen. Det å sleppe kontrollen på tekstane mine, ikkje vite eller forsvare om nokon meiner noko om dei, det var verkeleg noko eg måtte øve på. Det var veldig skummelt og det  er det faktisk framleis. Det første diktet eg la ut gjenspeglar kanskje tankane mine om nettopp det:

***

Orda

Det er så mange av dei

og dei vil ikkje vente

dei vil ut

no

Eg er ikkje klar

vent litt

eg treng meir tid

må venne meg til at dei er mine

kva kan dei kome til å seie?

Dei kan avsløre tankane mine

Kjenslene mine

Meiningane mine

Men dei har venta lenge nok seier dei

Dei berre kjem

Korleis skal dette ende?

***

Eg byrja å legge att nokre dikt, fine bilete frå turane eg var på og nokre linjer om kva som opptok meg. Eg hadde ingen plan, men eg kjende på eit behov for å dele.

 

Det er viktig for meg at du veit at hos meg kan du berre lande litt. Eg vil  ikkje presse meg på,  men invitere inn.

Om du har lyst til å følgje reisa fra starten, finn du dei første tekstane på Instagram. Kanskje finn du mot og inspirasjon til di eiga reise. Les gjerne diktet  "Ho vil vere som bølgjene". Du finn det under "Dikt" i menyen over.

Etterkvart blei denne sida ei eg gjekk tilbake til for å minne meg sjølv på kvar eg var og kvar eg var på veg. Den har vore til hjelp for meg sjølv mange gongar. I perioder der eg tvilar på kva eg vil, kva eg brenn for , så les eg litt her inne. Då blir eg endå ein gong trygg på at eg er på rett veg.

 

Håpet mitt er at på same måten som tankane eg skribler ned og dikta mine gir rom for refleksjon for meg sjølv, så håpar eg at dei også kan setje nokre spor  hos deg som les. For alle er vandrarar på sin eigen veg og av og til snik noko seg inn som gir gjenklang og mot til å legge om kursen til noko som er litt meir rett, for deg.

 

Og om det er tilfelle hos deg så vil eg gjerne høyre, om du vil dele.

Send meg gjerne ein epost til solvi@ordsolv.no.

bottom of page