top of page

Forfattarintervju

Forfatterens bilde: Ordsølv
Ordsølv
10. okt.
2 min lesing

No sit eg på buss for tog på veg til Gardermoen etter forfattarintervjuet i går. Eg har ikkje sove så godt og eg fekk sjølvsagt migrene i natt. Og det er heilt greit, det er det eg betalar for slikt, og det er det verd. Veslemøy og Sven som driv Skriveakademiet inviterer likegodt oss rykande ferske forfattarar heim i stova si til intervju. Denne rause inkluderinga gjennomsyrer alt det Skriveakademiet gjer - det er ikkje berre ein kursportal eller eit forlag - det er eit samfunn. og her har eg fått lov å vere i tre år no. Frå første forsiktige "like" på eit innlegg, til å kome med kommentarar på andre sine innlegg, vidare legge ut eigne innlegg, sende tekstar til antologiar, høgtlesing av tekstane mine på antologi-lanseringer og no til slutt utgivelse av min eigen roman og forfattarintervju! Ei reise i mot. Frå å ville vere usynleg til å vere intervjuobjekt.


Eg kan fortelje om alle dei motstridande tankane som vrimlar rundt inne i hovudet - kven trur eg at eg er, sa eg noko dumt, eg skulle heller sagt det slik osv.. - Men nei. Eg vel å late vere. Eg vil ikkje høyre desse tankane, no vil eg berre vere den som fortjener å snakke om boka si som ho har brukt tre år på å skape, Frå første linje med ein hemmeleg fjern draum til ein tjukk innbunden roman på 280 sider.


I dag tidleg våkna eg av ei melding frå redaktøren min, Gunn Marit Nisja. Denne dyktige forfattaren (har du ikkje lest så kan du berre legge alle dei sju sterke romanane hennar til på leselista di) og dette nydelige mennesket som har vore med meg gjennom heile denne prosessen. Samtidig som eg har "gått i lære" har ho støtta meg gjennom all tvilen eg har hatt. Ho har aldri nølt: Denne boka skal ut!


Det er rart å tenke tilbake på alle dei tilfeldige menneskemøta eg har hatt desse åra eg har vore sjuk, og at summen av alt saman har ført til at det no er ein roman med gule gummistøvlar der ute i den store verda. Eg trur at det blei slik fordi eg endeleg turde å løfte blikket - og møte alle dei moglegheitene som har kome mot meg, slike tilfeldige ting som eg tidlegare ikkje har sett eller vore open for.

Og då må eg berre avslutte på denne måten: Ber du på ein hemmeleg draum? Tenker du at du ikkje klarer, fortjener eller at dette ikkje er rette tidspunktet? Det er kanskje ikkje det, men du kan starte i det små. Med ørsmå dreiingar på rattet justerer du litt etter litt retninga slik den blir rett for deg - og så - langt om lenge så kjem du dit du og.


Då eg byrja på dette prosjektet var eg ikkje klar, men no, tre år seinare er eg der. Resultatet er eit bittelite firma som heiter Ordsølv og ein roman med gule støvlar.


PS. av og til kan berre det å seie det høgt til deg sjølv, nokon du er trygg på eller ein ukjent vere det som startar prosessen mot å våge. Om du vil kan du kviskre det til meg, så skal eg heie på deg i det stille - Solvi@ordsolv.no


 
 
 

Kommentarer


bottom of page