top of page

Helsefremming og god helse

Forfatterens bilde: Ordsølv
Ordsølv
14. sep.
4 min lesing

"Helse er overskudd i forhold til kvardagens krav" (Peter F Hjort).

I studieoppgåva mi der eg skal drøfte eit sjølvvalgt tema innan helse og helsefremming kom eg over denne definisjonen på helse.

JAAA, det er nettopp det det er.

Den tradisjonelle definisjonen på helse, og kanskje den som er mest "innarbeida" hos folk flest er at god helse er fråver av sjukdom. Men det utelukkar mange av oss som lever med kronisk sjukdom ikkje sant? Eit anna syn på helse er at den er som eit kontinuum med "dis-ease" i den eine enden og "health-ease" i den andre enden, og det er nettopp her helsefremming kjem inn, og det er dette eg vil jobbe vidare med. For sjukdom utelukkar ikkje god helse om ein likevel opplever at ein har meining og overskudd i kvardagen.


Dei siste to vekene har vore intense og eg har venta på den vanlege krasjen. Eg har hatt dei trufaste dagane med migrene, eg har hatt dei trufaste søvnlause nettene når eg blir overstimulert og eg har strekt meg lengre enn eg burde. Men noko er annleis.

Som eg skreiv i eit tidlegare blogginnlegg har eg jobba med å avgrense aktiviteten min. avslutta, tatt ei pause, landa litt før eg har begynt på neste. Og det har faktisk hjulpe. Eg er audmjuk for opplevinga, kan det vere så enkelt? Eller vanskeleg? For det er absolutt ikkje lett, og eg må vite kva som krevjer og kva som gir.


Forrige helg leverte eg inn førsteutkastet til studieoppgåva mi. Det var skremmande og utmattande. For eg skal ikkje berre meistre faget, eg skal også lære meg alt som følgjer med av det tekniske, oppgåveform, litteraturhenvisningar og ikkje minst tru på at eg kan klare å studere på ein høgskule 28 år etter eg var ferdig utdanna bioingeniør.

Eg fekk søndag kveld og mandag føremiddag med kvile, og det heldt akkurat, for då kom manuset "Jenta med de gule gummistøvlene" tilbake frå korrektur og språkvask.


Det var spesielt å lese gjennom manus igjen, det er lenge sidan eg hadde det framme sist. Det er eit sterkt og sårbart manus. Men det er også eit viktig manus. Difor gir eg ut. For eg trur eg skal tåle det, tåle dårlege kritikkar og at den ikkje fell i smak hos alle. Eg trur og håper at den vil gi lesaren ei innsikt til å forstå både seg sjølv og andre. Karakteren min, Kristine, står rett nok i særs krevjande situasjonar, men eg trur og at mykje er likt det som mange står i idag. Og då er eg tilbake der eg starta dette innlegget. At helsa heng saman med kvardagens krav.


Tirsdag kveld leverte eg frå meg manus igjen og då trengde eg ei heilt anna form for kvile. Eg trengte menneske, fellesskap og natur (som forøvrig er det studieoppgåva mi handlar om) . Etter møter og turplanlegging på Fontenehuset fekk eg med meg ei venninne på telttur til vakre Hausdalen. For eg som hadde håpa på mange utenetter i sommar, har vore veldig skuffa både over været og også over min eigen kapasitet. No lova værmeldinga to fine dagar. Eg sov ikkje godt, men eg hadde det veldig godt. Og neste morgon pakka vi ned telta og møtte Langfarer-gjengen for fjelltur til Torofjellet og Redningshytten. På turen oppover blei det berre finare og finare og eg følte meg så RIK. Tenk å bu berre ein halvtime med bil frå dette flotte fjellområdet. DET SKAL brukast meir.


Fredag reiste eg til Stavanger for å gå på veldedighetskonserten til You Are Unbreakable, søk dei gjerne opp på facebook. Grunnlegger er mi gode venninne Karianne, som står på for å skape arbeidsplassar og midlar til sine venner i Afrika. Pengane går uavkorta direkte til dei som treng det. Eg donerte salgssummen av dei to første bøkene mine til innsamlinga, og solgte ei bok.


Kjøparen betalte boka til You Are Unbreakable, og får den tilsendt når bøkene er trykte, noko dei blir i løpet av dei neste vekene.


Vel heime igjen fekke eg summa meg og teke innover meg at veiledaren godkjente studieoppgåva mi og ønskte meg lykke til med vidare arbeid på den. Og eg måtte setje meg ned og kjenne på korleis det føles å ha solgt mi første bok. Eg har ikkje heilt ord for den kjensla. Tre år etter at eg melde meg på eit romankurs for å halde "hovudet" i gang i ein utmatta kropp så har det blitt bok. Heile vegen mot bok må eg nok skrive i eit anna blogginnlegg.


Og i går, søndag kom eg ikkje utanom å gjere det som har hengt litt over meg dei siste vekene. EG HAR NO OPNA FOR FORHÅNDDSALG AV BOKA MI. Du kan bestille ved å klikke på Roman her inne på nettsida mi. Dei som bestiller direkte frå meg får boka signert og litt billigare enn det ARK og Norli vil selge ho for, der er fastprisen 449 kr pluss eventuell frakt.



Takk for at du les, send meg gjerne ein mail om noko av det eg skriv om inspirerer eller du vil vite meir om studier, Langfarer eller Jenta med de gule gummistøvlene. (solvi@ordsolv.no)

Klem fra meg.



 
 
 

Kommentarer


bottom of page