Eit skritt fram og to tilbake eller kanskje ikkje?
- Ordsølv

- 3. aug.
- 2 min lesing
Denne sommaren blei ikkje heilt slik eg hadde trudd. Det har vore mindre fjell og meir sofatid enn eg hadde drøymt om. Men denne gangen skal eg ikkje leite etter ein årsak. For det er eg ekspert på. «Kva gjorde eg rett denne gongen» eller «kva gjorde eg feil no?»
Eg ser at det er eit mønster i tankesettet mitt som ikkje alltid er formålstjenleg.
Dei siste åra har eg aleine og saman med terapeutar jobba med å finne ut kva som tappar energi og kva som gir spenningar og smerte.
DET HAR VORE VIKTIG ARBEID.
Men no kjenner eg at eg er klar for å sleppe litt opp i denne kontinuerlige analysen. For om det er ein ting eg har erfart så er det at det er ALDRI EIN TING. Det er summen av mange små stresselement som gjer meg dårleg. Det er kanskje også feil å kalle det stresselement - for det er livet. Maten eg et, syklus (eller fråvær av ein 🤔), kjekke ting eg gjer (å reise, vere sosial, sitte timevis ved pc’en), bekymringer og fysiske utskeielsar (å bruke det dårlege været i Bergen til å rydde på loftet og bære kasser var ikkje lurt, å gå Besseggen utan å kvile skikkeleg ut etterpå var heller ikkje lurt).
Og det same gjeld andre vegen, det er mange små ting som gjer at eg held meg frisk og har gode perioder. Og det rare er at det ofte kan vere akkurat dei same punkta som over, nemleg å reise, å vere sosial, å sitte timevis ved pc-en, å gå lange fjellturar og å rydde og få orden rundt meg.
Eg veit aldri kva som TIPPAR LASSET.
Og kanskje er det det som kjenneteiknar det livet eg skal leve framover. Det vil kome gode og dårlege periodar. Og eg skal prøve å akseptere at det er slik det er. I alle fall skal eg prøve å akseptere at eg ikkje gjer alt feil, slutte å fortvile over at eg ikkje klarer å «knekke koden» til denne kroppen.
Så neste gong (for no er eg nettopp ferdig, håpar eg, med to smerte-veker) så skal eg prøve, i alle fall litt, å akseptere at det er slik det er å vere kronisk sjuk.
Så kan eg vel få lov å håpe at det held fram slik det har så langt i 2026, at det litt etter litt går lengre mellom dei dårlege periodene og at dei gode, fine og lyse periodene varer litt lenger.
Situasjonen akkurat no er at eg er klar for Haust, samtidig føler eg meg grundig snytt for ein solrik og aktiv sommar. Men når eg blar i kamerarullen har eg svært mange fine augneblink å glede meg over. Sommaren har vore kjempefin, det er bra kamerarullen minner meg på det.




Kommentarer