Fjell, telt og ein fotballkamp
- Ordsølv

- for 5 døgn siden
- 3 min lesing
Eg har venta på rett tidspunkt ei stund no. Eg har venta på energi, gode verutsikter. Ja berre ei natt utan regn og helst tosifra temperatur gjennom natta. Det har ikkje vore lett finne så langt denne sommaren på Vestlandet. Og tresesongs-soveposen eg har kjøpt meg viser seg at ikkje heilt er meint for anna enn sommarsesong for ein frostpist som meg, å fryse orkar eg rett og slett ikkje.
Søndag ettermiddag verka det lovande nok til at eg pakka sekken og sette meg i bilen. Eg hadde fleire mål: fjell, havutsikt, sol og dekning. Klokka 19.30 var eg klar til å gå innover fjellet og klokka 21 var teltet oppe og eg kunne sette meg og nyte utsikta.
Det var ikkje ein lyd å høre, framfor meg var det 180 grader med hav. Skyene prøvde så godt dei kunne å dekke for sola, men av og til klarte ho å kome seg fri og spelte nokre strålar min veg.
Bak meg kjende eg ei urgamal og tidlaus styrke frå ein massiv fjellvegg og nokre ramneskrik fekk meg til å snu ryggen mot havet. Synet eg fekk lot eg berre bli lagra på netthinna, eg kan angre no, men det var for spesielt til å ødelegge stunda med å leite fram telefonen.
Eg talte 7-8 store svarte ramnar som flaug langs fjellveggen, som om dei surfa medan dei prata med kvarandre. Dei segla rundt fjellet nokre minutt før dei forsvann. Eg fekk faktisk litt gåsehud, for dette livet som føregjekk bak meg vart eit evigheitsbilete. Dette skjer og har nok skjedd i hundrevis av år i aude fjellvegger verda rundt, med få menneskelege vitne. Berre ein bratt fjellvegg utanfor allfarveg og så desse enorme ramnane.
Hovudmålet for turen min var å finne tilbake til den kreative delen av hjerna, den treng ofte det når eg har hatt litt mykje på gong i livet. Då treng eg litt stillheit før den kan kome på plass igjen. Men denne kvelden var det og noko anna som skulle skje, noko eg ikkje ville gå glipp av. Noko som kanskje ikkje var poetisk og som eg vanlegvis ikkje er så engasjert i.
Med iPad i fanget rigga eg meg til på berget utanfor teltet og fekk perfekte forhold på skjermen, kampen mot Brasil kunne starte. Fokuset mitt skifta mellom skjermen og havet, sola og fargane der ute. Solkula si ferd i havet blei dei siste minutta tildekka av skyene, omtrent slik Nyland dekka målet mot lærkula.
Natta gjekk fint, kunne nok ha sove betre, men eg fekk trening i å fortelje nervesystemet at kvart vindkast i teltet berre var nettopp det og difor trygt. Og kroppen gjekk gradvis frå beredskap til ro.
Nokre gongar gjennom natta regna det godt på teltduken (då fekk eg øving i å ikkje vere irritert på Yr og Storm for det er nok ikkje lett å forutsjå dette veret), og då eg vakna mandag morgon og alt var vått ute, blei eg like godt verande i soveposen. Teltet har inngangen på sida, så der kunne eg ligge og kike ut på havet medan eg kokte meg kaffe og min eigen frokostfavoritt, havregraut med melk og gryn med kanel, honning og eit godt smørauge. Ein perfekt start på dagen og vel verd å bere på oppover bakkane kvelden før.
Det blei ikkje dikta, nei det blei ikkje skrive eit ord. Alt blei lagra, pusta inn og bevart. Enda eit minne skapt på mine premissar og etter mine ønske. Det er noko med det og, å hundre prosent skape si eiga oppleving.
Det kostar å pakke sekken, å gå oppover fjellet med tung sekk og å gjere det heilt aleine. Men for meg er kjensla over å ha full regi utruleg viktig.
Der ute betyr det ingenting kva du har opplevd før, eller kva som ventar eller ikkje ventar, deg der heime.
Det er berre deg, stilla og naturen.
Og så blei det ein fotballkamp då, ein legendarisk ein. Og midt i mitt eige holebuar-behov fekk eg òg ta del i eit felleskap som for alltid vil vere skrive i historia.
Og når spørsmålet kjem, det som kjem kvar gong det norske folket finn felleskap gjennom eit godt idrettsaugneblink: kvar var du då Noreg slo Brasil? Jo, eg var i fjellet med ramnene og havet.
Heilt aleine og saman med heile Noreg.





Kommentarer